Kommunestyremøte 24.september Sande rådhus kl 13.45

Kommunestyremøte 24.september Sande rådhus kl 13.45

Dette er siste møtet i kommunestyret denne valperioden. 

Mange viktige saker står på agendaen.

  

Av saker som skal handsamast kan ein nemne:

3 saker om interkommunale samarbeid:

  • Valdskoordinator med Ørsta kommune som vertskommune
  • Psykologiteneste med Ulstein kommune som vertskommune
  • Nattlegevakt og Legevakt i Volda

 

Økonomirapportering og budsjettrevidering

Sande kommunestyre vedtok 11.desember 2018 i sak K-64/18 endeleg budsjett for 2019, samt økonomiplan for 2019-2022. Budsjettet var basert på et antatt rekneskap for 2018 i balanse.

Regnskapet for 2018 viste diverre eit meir forbruk på kr.828.337,- og kommunestyret vedtok 21. mai 2019 i sak K-15/19 at «avsetting av rest akkumulert underskot på 828.337,- vert budsjettert utført i 2019»

Sande kommune har lite/ ingen reservar i driftsbudsjettet, så inndekninga må takast i form av kutt. Kommunen er i ein prosess der målet er å bygge opp reservar i form av et disposisjonsfond og ønsker å omprioritere midlar frå drift til investeringar.

Meirforbruket frå 2018 er fordelt i form av kutt i driftsbudsjettet til alle sektorane etter ein «pro rata» kostnadsnøkkel. Investeringsbudsjettet er justert i tråd med Fylkesmannens godkjente låneramme.

 

Ny traktor til teknisk sektor

Rådmannen skriv i sitt samandrag:

«Sande kommune har ein kommunetraktor frå 2007 og er køyrd 5173 timar. Kommunetraktoren er sentral i det meste av arbeidet som uteseksjonen ved Teknisk sektor gjennomfører. Modell og køyretid tilseier at tida er moden for utskifting og fornying her» 

 

Her finn du alle sakene som skal behandlast på møte.

 

Møtet er ope for alle!