Kommunestyremøte 5.november

Klikk for stort bilete Kva skal opp på kommuestyre-møtet ? 

På kommunestyremøtet 5.november  blir det valt representantar til Eldreråd, Rådet for personar med funksjonsnedsettelse og Ungdomsråd.  Representantar til styre, råd og utval  skal også veljast . 

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal reviderast med ny handlingsplan og samarbeidsavtalen for barnevernstenesta i Volda , Hareid, Sande, Ulstein og Ørsta skal opp til godkjenning.

Første «Risikobilde for Sande kommune» vart utarbeidd i 2016. I samband med nytt kommunestyre vert no eit revidert risikobilde lagt fram for det nye kommunestyre som informasjon og evt vidare oppfølging.

Du finn elles alle dokument på  innsyn i politiske dokument.

Møtet er ope for alle, og startar 13.45 på Sande rådhus.