Kommunestyret sa ja til Helseplattformen

Kommunestyret sa ja til Helseplattformen


Omvisning på Finefish as Sande kommune  Sande kommunestyre var 2. desember på bedriftsbesøk hos Finefish As på Sandsøya. Dei fekk ei grunding omvisning av leiar Gjermund Bringsvor både i den gamle delen av bedrifta og i den nye. Eit imponerande bygg der lokalitetar både for arbeid og velferd er teke i vare. Kommunestyret fekk også servert nydeleg god lunsj av lokale råvarer tilbredt av bedrifta sine eigen tilsette.

Etter besøket på Finefish vart ordinært kommunestyremøte sett på gamle sildekontoret på Rosenlund.

Kommunestyret fekk av arbeidsgruppa for evaluering av skulestrukturen i Sande overlevert rapporten som vart ferdigstilt no i haust. Rapporten har fått namnet «Skulerapport 2021», og kommunestyret gjorde slikt vedtak om den:

  1. Kommunestyret tek Skulerapporten 2021 til vitande og takkar arbeidsgruppa for arbeidet.
  2. Formannskapet arbeider vidare med prosess og utgreiingar fram mot ei politisk sak - utifrå dei synspunkta som kom fram i kommunestyremøtet.

Kommunestyret sa også ja til Helseplattformen som skal sørge for innføring av nytt felles pasientjournalsystem ved sjukehus, kommunehelseteneste, fastlegar og spesialisthelseteneste. Målet med helseplattformen er betre pasienttryggleik, meir brukarvennlege system og ei samhandling på tvers der pasientens informasjonssikkerheit står i sentrum. Kostnadane skal innbakast  i økonomiplanen framover og det må presenterast ei ny sak om tildeling og underskrift av tenesteavtale.

Eit eige punkt om finansiering har kome til i vedtaket: "Sande kommune meiner Helseplattformen bør vere eit nasjonalt ansvar med statleg finansiering. Kommunen vil difor arbeide for at kommunen skal få refundert dei kostnadane ein får knytt til systemutvikling og implementering".

I tillegg tilrådde kommunestyret to søknadar frå Larsnes IL om spelemidlar. Dette gjeld midlar til lys på Vardevegen og fotballhall ved skulen. Det er fylkeskommuna som tildeler spelemidlane.

Du kan lese protokollen og vedtaka frå kommunestyret sine saker her.

Neste møte i kommunestyret er budsjettmøte 14. desember kl 13.45 på Breidablik. Dette møtet vert også videostrøyma av Sande Nettsyn.