Kong Arthur-spelet sine øvingar er i gong

Kong Arthur-spelet sine øvingar er i gong

Kong Arthur-spelet 2019 på Sandsøya, kongsvollen 10.og 11.august 

No er vi igong, seier Oddbjørn Hagen, regisør for Kong Arthur-spelet 

Frå laurdag startar øvingane for fullt.

Ein del av aktørane er i full gong med øvingar og førebuingar allereie, men frå laurdag er alle i gong!

Som tidlegare blir de litt nytt i årets førestillingar, men vi held på "tråden" og historia frå tidlegare, seier Hagen.

På rollelista finn du namn frå tidlegare år, og nye som vil vere med på dette humoristiske og historiske spelet der vi aldri veit kva som kan dukke opp av artige påfunn og sprell. Kva er det som er på tingscena i år? Dukkar det opp elbilar eller har dei funne opp andre "oppfinningar" som skal utprøvast?

Den som kjem på førestillingane på Sandsøya i helga-  10.  og 11.august  får svar på dette! 

Her finn du meir om staden/kart og transport.

Sjå video  frå tidlegare spel

Mange aktivitetar på Sandsøy-helga 

Det føregår elles mange andre ting på Sandsøya denne helga også . Her kan du lese meir om fjellturar, utedans med mei