Korona - status og råd

Korona - status og råd

CDC, Alissa Eckert

Vaksinasjonsdagar -  mot korona og influensa -  er over for denne gong. Ny vaksineringsdag blir 16.november. Dei nasjonale råda er det som gjeld no. 

Vaksinering

Det var svært godt oppmøte på vaksineringsdagane som er gjennomført dei siste vekene. 

Dersom du er i målgruppa og ikkje har fått vaksine kan du møte opp på Sande  legekontor 16.november. Der kan du få både koronavaksine og influensavaksine. Treng du koronavaksine før den tid, må du ta kontakt med Sande legesenter på førehand.

Manglar du kun influensavaksine er det berre å stikke innom Sande legesenter i opningstida så får du den - pris kr 200,- 

Smitte?

Det er registrert nokre få tilfelle av koronasjuke ved Sandetun omsorgssenter dei siste månadane. Desse personane har ikkje vore alvorleg sjuke. Gode rutinar har hindra vidare spreiing. Sande legesenter har ikkje registrert at nokon har vore sjuke av denne varianten av forskjølelse/ influensa.

Ordninga med  eigen-registrering av slik smitte gjeld ikkje lenger.

Testing

Ordninga med gratis utdeling av testar motteke via Statsforvaltaren er over. Vi har heller ikkje lager utover det kommunen sjølv har behov for. Utdeling av fleire testar til butikkar/ private er ikkje aktuelt på noverande tidspunkt.

Kva gjeld no? 

Her finn du dei generelle råda alle skal rette seg etter.