Kurs for pårørande til personar med rusmiddel - eller psykiske helseproblem

Kurs for pårørande til personar med rusmiddel - eller psykiske helseproblem

Ta tak «Ta Tak» er eit kurs for deg som står nær nokon med rusmiddel- eller psykiske helseproblem. Nytt kurs startar 2. mars. Kurset er gratis, er for alle pårørande på søre Sunnmøre og går over 6 kveldar med ein kurskveld i veka.

Bakgrunn for kurset

Rus og psykiske vanskar rammar heile familien. Som pårørande får ein ofte fleire rollar som kan medføre belastning og fare for helseskader. Det kan vere vanskeleg å sjå eigne behov når ein av våre nære slit. Det er difor viktig at pårørande får hjelp til å ta vare på seg sjølv og hjelp til å sette grense for kor mykje dette skal påverke kvardagen. Rus og psykiske vanskar kan virke inn på andre arenaer som arbeidssituasjon, vennekrets, nabolag, m.m.

Målet med kurset

Målet for kurset er:

  • Pårørande skal i større grad få forståing av eigen situasjon og oppleving av å meistre det meste kvardagen.
  • Pårørande skal få informasjon om behandling, lokale hjelpetiltak, sjølvhjelp, pårørande- og brukarorganisasjonar.
  • Pårørande får møte og lære av andre i same situasjon.
  • Vise veg til sjølvhjelpsgrupper og andre tilbod til dei som ønsker det.

Tema for kurskveldane

Kurset vert halde på Kjeldsund ungdomssenter. Det vert ein kurskveld i veka og dette er på onsdagar. Programmet er :

  • Meistring og verdigheit ( 2. mars)
  • Tvang og rettigheiter (9. mars)
  • Behandling (16. mars)
  • Pårørandeorganisasjonar (30. mars)
  • Søsken og andre barn i familien (6. april)
  • Familievernperspektivet (20. april)

Korleis melde seg på

Arrangør er  seksjon psykisk helse og rus i kommunane Herøy og Sande. Påmelding må skje innan 15. februar. Ring Nina Larsen på 92661913 eller Karl Alsaker på 91561383 for påmelding.