Kursing for brannmannskap

Sande brannvesen hadde måndag 29. januar kursing i HLR og bruk av hjartestartar.
HLR står for hjarte og lungeredning.
Kurshaldar var Oddbjørg Vik Nordal frå Røde Kors. Ho gjennomførte eit godt kurs for deltakarane.
Ca 15 stk frå brannvesenet i Sande fekk då oppdatert resertifisering innan dette området.
Sande kommune sin vaktbil innan brann/redning har ein hjartestartar og brannmannskap er sertifiserte til å bruke den.
Publisert av Elin Rokstad
Publisert 30.01.2019 08:56
Sist endra 30.01.2019 08:57