Kvardagsblikk frå Haugelia barnehage

Kvardagsblikk frå Haugelia barnehage

Haugelia barnehage Sande kommune

Kva skjer i barnehagekvardagen? Er barnehagen ute på reise, sa du? 

Gjennom heile året er barna "innom" ulike tema frå veke til veke - alt i tråd med barnehagen sin årsplan og rammeplanen for barnehagen.

Tema på Leikekroken i år er «Jorda rundt med Hippo»

Difor har vi til no vore på ulike «reiser», og fleire blir det. Hittil har vi vore til Island, Grønland, Færøyane, Danmark, Finland, Sverige, Polen, Italia, Frankrike, Storbritannia, Hawaii, Canada, New York, Australia, Vanuatu, Mexico og Brasil. Barna blir kjende med landskap, klima, dyreliv m.m knytt til dei ulike landa. Dei skal få eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer frå ulike delar av verda. Vi skal reflektere over likskapar og ulikskapar, lære om mangfald og gjensidig respekt.

Kva er spa?

Som de ser på foto har vi også hatt Spa-dagar der barna fekk prøve ulike «spabehandlingar». Det eine leikeromet gjorde vi om til eit Sparom med lukt av lavendel, roleg musikk og dempa belysning. Dei som ville fekk også handmassasje, massasje i håret og prøve  fotbad med fotmassasje. Vi hadde også neglesalong der dei som ville fekk ta på neglelakk. Under «behandlingane» fekk dei servert sitronvatn og druer. 

Kven er vi? 

Tema på Armkroken i år er «min fantastiske kropp» og «venskap». Hovudfokuset er å sjå og bli kjend med kvart einskilt barn. Gjennom omsorg, song og leik skal vi byggje barnet til å få vener, auka sjølvkjensle og meistringsglede. Vi brukar familiehus og «Herbert Grullbrandsren» og set ord på kropp, kjensler og sansar.

Barnehagekoret

«KorMagisk» heiter barnehagekoret vårt som består av alle barna i barnehagen. Det har vore ein stor suksess og det er ein ivrig gjeng. I koret har vi fokus på songar knytt til tema i tillegg til at barna får kome med eigne songynskjer.  

 

Som de ser er barna innom mykje forskjelleg i barnehagen, og dette er bere litt av det vi gjer. De finn også meir informasjon om barnehagen i årsplanen som ligg på heimesida. 

Tida går fort og plutseleg er det påske. I år skal vi prøve å ruge ut kyllingar. Vi gler oss til å fylgje utviklinga dag for dag, og vi vi håper sjølvsagt at vi får mange kyllingar.

 Haugelia barnehage skal vere ein brukartilpassa barnehage med barnet i sentrum. Vi skal ha fokus på gode, trygge og stabile rammer for barn, foreldre og tilsette der dagane er prega av glede, humor, leik og trivsel. Barna skal få gode læring- og utviklingsmoglegheiter, og dei vaksne skal utvikle seg i takt med samfunnet.

Utan god omsorg og leik , kan vi ikkje fremme læring og danning. Desse fire nøkkelorda går hand i hand, gjennom alle aktivitetar i barnehagen.

Bla i bilda under - her ser du litt frå aktivitetane.