Ledig stilling som helse- og omsorgssjef

Ledig stilling som helse- og omsorgssjef

hender - Klikk for stort bileteIllustrasjon Pixabay

Stillinga som helse - og omsorgssjef  i Sande er ledig etter at Bård Dalen takkar for seg etter ei lang periode som leiar for denne sektoren. 

Er du den rette eller kjenner du nokon du vil oppmode om å ta utfordringa som leiar  for tenestene i helse- og omsorgssektoren?

Vi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Sande kommune.

Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Vi søker ein toppleiar som har ambisjon om å skape "det gode liv- heile livet" i lag med oss.

Les meir om stillinga  og finn søknadsskjema her.

Kontakt

Renathe Rossi Aglen
kommunedirektør
E-post
Mobil 94 88 13 03