No er digital innbyggardialog opna!

No er digital innbyggardialog opna!

 Dei som får heimehjelp eller matombering, eller dei som har fullmakt frå desse, kan no kommunisere digitalt med dei tilsette.

Bildet viser ressurspersonar som var med på opplæringa.

Alle sju kommunar på søre Sunnmøre er no aktivert for digital innbyggardialog mellom innnbyggar og kommunale omsorgstenester.

Den 24.10 var ressurspersonar frå kommunane samla i Volda til opplæring i programvara. Løysinga er ein del av nasjonal satsing på digitale tenester og utrulling i fase 1. For innbyggarane gjeld det då tenestemottakarar sjølve eller dei som har fullmakt for desse.  

Kommunane startar med «Praktisk bistand» ( heimehjelp) og «matombering», og vil utvide til fleire heimetenester våren 2020.

LES MEIR HER om samarbeidet om digital innbyggardialog.

helsenorge.no finst det i dag mange tenester for innbyggarane ( kjernejournal, byte av fastlege, vaksiner m.m). Nytt no er at innbyggarar som er aktive via helsenorge.no, kan sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune, sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på søre er Gerica.

Det er viktig at alle innbyggarar som tek imot kommunale helse- og omsorgstenester, eller har fullmakt på vegne av desse, no aktiverer seg i helsenorge.no, slik at den nye sikre kanalen for dialog kan nyttast. All digital kommunikasjon med helsevesenet vil då skje frå same stad, og innbyggar får ei samla oversikt. I pasientjournalen vil meldingane verte samla per tenestemottakar.

Korleis gjer eg dette? 

Her finn du meir om korleis du går fram for å få tilgong til tenesta.

Meir informasjon er å finne på KS ( Kommunenes sentralforbund) sine sider, samt på helsenorge.no. Kommunane vil dele ut brosjyre til eigne tenestemottakar og tilsette er ivrige etter å ta i bruk tenesta. No er det opp til innbyggarane å starte å ta i bruk den nye « kanalen» for dialog, framfor å bruke telefon, e-post og SMS, som ikkje er sikre løysingar.