No treff du helsestasjonen på Helsenorge.no

No treff du helsestasjonen på Helsenorge.no

Måndag 14. juni tek helsestasjonen i bruk ei ny nasjonal fellesløysing for digital samhandling mellom innbyggjarar og helsestasjon- og skulehelsetenesta.

Kommunane på søre Sunnmøre er fyrst ut i landet med å ta dette i bruk, etter at utprøving av løysinga i fire store kommunar vart ferdig i midten av mai.

For deg som innbyggar er no tenestene tilgjengelege på Helsenorge. Tilsvarande løysingar på Helsenorge nyttast også av spesialisthelsetenesta, kommunale pleie- og omsorgstenester og enkelte fastlegar.

 

Slik fungerer det

På Helsenorge kan du, på vegne av deg sjølv eller dine barn under 16 år:Sende og ta i mot meldingar til/frå helsestasjons- og skulehelsetenesta, jordmor og helsestasjon for ungdom på ein trygg måte.
Sjå timeavtaler og avbestille desse.
Få varsel om planlagde timeavtaler på tekstmelding eller e-post.
Helsenorge er alltid ope! Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her.

Her kan du sjå ein kort YouTube-video om korleis du kan kontakte helsestasjonen på nett.

 

Slik kjem du i gang


For å bruke kalender og meldingar må du vere digitalt aktiv på Helsenorge.no. Det vil seie at du må ha logga inn på Helsenorge, akseptert bruksvilkåra og samtykka til å kommunisere med dine helsekontaktar via nettstaden. Du kan lese meir om dette på Helsenorge.

For å logge deg på må du ha tilgang til BankID, Buypass ID eller Commfides. I løpet av hausten 2021 vil løysinga bli utvida med pålogging via Feide for barn og ungdom mellom 12-16 år.