Ny vasslekkasje på Hakallestranda i dag

Klikk for stort bilete Det har kome melding om ei ny mindre vasslekkasje på Hakallestranda, og vi har starta opp arbeidet med å utbetre denne.

Vi må stenge av vassforsyninga på Hakallestranda i samband med arbeidet. Våre høgdebasseng på Kvamsøy, Sandsøy og Larsnes vil halde opp vassforsyninga utover dagen/ettermiddagen, så vi håpar at arbeidet skal kunne utførast utan for store ulemper. Vi oppfordrer likevel alle til å spare på vatnet utover dagen/ettermiddagen.

Teknisk vakt