Nye smitteverntiltak på austlandet – kva gjer du lokalt?

Nye smitteverntiltak på austlandet – kva gjer du lokalt?

CDC, Alissa Eckert Regjeringa har frå i dag 23.01.21 kl. 1200 sett i verk strenge smitteverntiltak i ti kommunar i sentrale austlandsområdet. Dei fleste har no sikkert fått med seg at dette skuldast smitteutbrot med ein særs smittsam virusvariant.

Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet og landet elles.

Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå disse områda både i arbeid og fritid. Kommuneoverlegen oppmodar difor alle som har vore på reise i sentrale austlandsområdet dei siste 4 dagane om følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.