Nye turkart for Sande kommune

Nye turkart for Sande kommune

Kvamsøya Kamilla Werkland  Kommunestyret har gjort vedtak om å kjøpe inn det nye turkartet som idrettslaga i kommunen har fått laga. Turkartet har informasjon om turstiar, gapahukar, sikteroser, badeplassar m.m.  Turkartet vil verte utsendt til alle husstandane i Sande og vi håpar og trur at det vil vere til glede for alle som likar å ferdast i naturen i den fine kommuna vår. 

For dei som ikkje mottek eit kart gratis som innbyggjar i Sande, vil det verte lagt til rette for sal via idrettslaga. Meir informasjon om dette kjem så snart det er klart. 

Kommunestyret vedtok også innspel til ny hurtigbåtrute Bergen - Ålesund og innspel til ferje- og bussruter frå mai 2023.

Sande kommune ønskjer å få til eit anløp av hurtigbåt på Larsnes når ny rute i samband med Stadt Skipstunnel kjem i drift. Ein meinar at eit nytt hurtigbåttilbod må gi eit reelt alternativ for dagsreise/tenestereise mellom Måløy og Ålesund, og eit effektiv alternativ for fritidsreise/tenestereise mellom Bergen og Ålesund utan unødig ventetid undervegs.

Når det gjeld ruteendringsprosessen for ferje og buss frå mai 2023 har Sande kommunestyre tre innspel i den prosessen: 

1. Rute 01 – to ferjer i sambandet heile året med mindre justeringar av rutetabell.
2. Ny FRAM Ekspress frå Fiskå gjennom Ytre Søre Sunnmøre til Moa.
3. Ordning om bestillingstransport i Sande kommune.