Oddhild på Larsnes skule

Oddhild på Larsnes skule

Oddhild Gjengedal Sande kommune

Oddhild er kome godt i gong på Larsnes skule.  

1.mai tok Oddhild Våge Gjengedal  til på Larsnes oppvekstsenter. 

Etter mange år som undervisningsinspektør ved Gursken oppvekstsenter tek Oddhild fatt på einingsleiar/ rektorjobben ved Larsnes oppvekstsenter. Ho har mange års erfaring frå skulen i Sande, men å starte på ny skule i ny rolle er både spennande og utfordrande, seier ho. 

Som tilsett i Sande-skulen ser eg på arbeidet med å sikre at elevane har eit godt og trygt læringsmiljø - der alle elevar vert inkludert og har gode relasjonar til både medelevar og dei vaksne på skulen - som det viktigaste, seier Oddhild.

Ho gled seg til å ta fatt i arbeidet og møte elevar og lærar no når skuleåret tek til!

Oddhild er no ei av dei 4 damene som styrer skulen i Sande. Det er første året vi har berre kvinnelege leiarar i skule og barnehage. 

Det er elles få menn i skule- og barnehagesektoren totalt. Dette er ein ny trend.