Offentleg kunngjering - skilting og merking av turstier

Offentleg kunngjering - skilting og merking av turstier

Frå Muresida mot Skorpa Trimgruppa Gjerdsvika idrettslag

Idrettslaga jobbar veldig aktivt med å legge tilrette for at du skal kome deg ut i naturen og få fine opplevingar. Merking av turstiar er eit arbeid som har gått føre seg lenge. No er også sikteplater på "toppane" sett på dagsorden. 

Idrettslaga i Sande kommune samarbeidar om å skilte-, merke og tilrettelegge turstiar i kommunen. Det skal og settast opp sikteplater på toppane knytt til kvar av bygdene.

Kvar skal sikteplatene oppsettast?

  • Sikteplate på Rinden – Sandsøy
  • Sikteplate Veten - Larsnes
  • Sikteplate Stortua - Gursken
  • Sikteplate Nonshornet – Kvamsøy
  • Sikteplate Hidsegga - Gjerdsvik

Turstiar

Turstiar i fjella mellom Larsnes og Gursken inn mot Laupsnipa skal merkast og skiltast.

Frist:

Grunneigarar kan kome med merknadar og innspel til Sande kommune  innan 31.03.19

Korleis melder eg inn innspel?

Du kan sende oss melding på fleire måtar: 

Du kan bruke post og sende til

Sande kommune

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes

Du kan også sende innspel på epost eller ved å legge inn høyringssvar rett i saka. 

Gi ditt høyringssvar her.

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95