På saklista

På saklista

Tysdag 8. juni er det møte i Sande formannskap. Møtestad er rådhuset og møtet startar kl 13.45.

På saklista til formannskapet finn vi denne gangen mange saker. Dei fleste skal vidare til kommunestyrebehandling og formannskapet skal difor tilrå i sakene. 

Av saker som skal sluttbehandlast av formannskapet denne dagen er innspel om ruteendring og ruteendringsprosess, uttale til akvakulturanlegg ved Lammeneset og godkjenning av Strategiplan for Nærings- og miljøtilskot i skogbruket 2021 - 2024. Denne planen vert rullert kvart 4. år, og er ein fellesplan for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. Den legg føringar for prioriteringar og rammer for tildeling av tilskot.

Alle sakspapira kan du lese på innsynsløysinga Innsyn.

Møtet er ope for publikum etter gjeldande nasjonale smittevernreglar.