På saklista

På saklista

Møtet er ope for publikum og presse. 

På saklista finn vi sak om ombygging av Sandetun, der ei arbeidsgruppa har landa eit forslag om ombygginga av ledige lokaler i bygget som tidlegare vart utleigd til Helseforetaket, samt etablering av ei 2 etasje på denne fløya. Saka har vore på høyring til dei kommunale råda og no skal formannskapet tilrå for kommunestyret kva ein skal "lande på".  Ei slik utbygging vil gje ein netto kostnad for Sande kommune på ca kr 22,500 mill kr og utbygginga vil stipulert være ferdig hausten 2024 /våren 2025.

Formannskapet er også planutval i Sande, og i den forbindelse skal dei gjere vedtak i følgjande saker:

  • Endring av fritidsbustad til bustad - Fløda 82
  • Kjøp av tomt og bygging av bustadhus - Nøresande 14
  • Frådeling - Sandshamna 44
  • Tilleggsareal - gnr 73 bnr 55
  • Dispensasjon - gnr 10 bnr 1
  • Dispensasjon - gnr 10 bnr 4
  • Grunnkjøp Haugsbygda hamn

Du kan lese alle sakspapira her.