På saklista

 Sande kommunestyre har møte på Rådhuset, tysdag 13. september kl 13.45.

Møtet er ope for publikum og presse. 

På saklista finn vi desse sakene:

Godkjenning av mindre endring av vegtrasè i kommunedelplanen for Sande fastlandssamband.
Planendringa gjeld trasé for den undersjøiske tunnelen, og omfattar ei justering av veglinja under
havbotnen.

Ombygging Sandetun
Saka gjeld ombygginga av ledige lokaler i bygget (tidlegare leigetakar Helseforetaket) samt etablering
av ei 2 etasje på denne fløya.

Reglement for kontrollutvala og Rettleiar for gjennomføring av møta i kommunen.
Som lekk i å oppfylle kommunelova sitt krav til reglement for folkevalde organ er det utarbeidd framlegg til reglement for kontrollutvalet i kommunane .
Det er samtidig utarbeidd utkast til ein praktisk rettleiar for gjennomføring av møta i utvalet

Du kan lese alle sakspapira her.