På saklista

På saklista

I dag er det formannskapsmøte, det startar kl 13.45 og er på Rådhuset på Larsnes.

Møtet er ope for publikum og presse. 

På saklista finn vi desse sakene:

Frådeling og bygging av naust på Skredestranda.
Sande kommune har motteke søknad om frådeling av to parsellar frå gbnr 82/3 med tanke på å bygge tre naust. Eitt av nausta vil verte ståande på hovedbruket, for dei to andre må det delast frå 2 nausttomter. Dei omsøkte tiltaka ligg i LNRF område i gjeldande kommuneplan og innanfor 100 m belte i strandsona. For å gi løyve til frådeling og bygging, må Sande kommune gi dispensasjon frå formål i kommuneplan og dispensasjon frå PBL § 1-8 Forbod mot tiltak i 100meters beltet frå sjø.

Søknader om tilskot til ideelle føremål.
Sande kommune har i år motteke to søknadar frå ideelle organisasjonar i Møre og Romsdal om tilskot til drift og partnerskapsavtalar. Samla søknadssum er på kr 32.266,00. 

Kommunal formuesskatt i Sande kommune.
Eit ønske om å sette ned formueskatten lokalt i Sande kommune vil primært vere motivert av eit ønske om sikre tilflytting til kommunen. Det vil også vere eit tydeleg signal om ei nærings- og utviklingsorientert kommune som ønsker aktivitet og handlingsrom til å skape bulyst.

Du kan lese alle sakspapira her.