På saklista

På saklista

I morgon, tysdag 15.11.22 er det kommunestyremøte på Rådhuset kl 13.45.

Møtet er ope for publikum og presse. 

Skal Sande kommune verte skatteparadis? 


Formannskapet har tilrådd å sette ned den kommunale delen av formuesskatten til 2 promille frå 1.1.24. 
Eit ønske om å sette ned formueskatten lokalt i Sande kommune vil primært vere motivert av eit ønske om sikre tilflytting til kommunen. Det vil også vere eit tydeleg signal om ei nærings- og utviklingsorientert kommune som ønsker aktivitet og handlingsrom til å skape bulyst.

Denne og fleire andre saker skal kommunestyret ta stilling til i møtet.

Du kan lese alle sakspapira her.