På sakslista

På sakslista

Kommunestyret i Sande skal ha sitt siste møte for 2022 tysdag 13. desember. Møtet startar kl 11.30 og vert i kommunestyresalen på Rådhuset.

Møtet er ope for publikum og presse. 

På saklista denne dagen

Vi finn mange spennande saker på saklista denne dagen, men viktigaste saka er nok godkjenning av Sande kommune sitt budsjett for 2023 og økonomiplan for 2024 - 2026. 

Formannskapet har slik tilråding i budsjettsaka:
1. Kommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan 2023 - 2026 og årsbudsjett 2023 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”.

2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2023-2026» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil kr 20 400 000.

3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2023 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”.

4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2023-2026: - Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75% - Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioda ligge på 4 % av brutto driftsinntekt.

 

Budsjettframlegget er publisert i Framsikt, og du kan lese alt her. 

Resten av sakspapira til kommunestyremøtet kan du lese her.