Påskemysterium i Sande

Påskemysterium i Sande

Google - Larsnes sentrum Kan du løyse gåta?

På syttitalet- nærare bestemt i 1973 -  kjøpte Sande kommune inn gamle flyfoto frå Fjellanger Widerøe as. Det var 250 fargefoto og ca 25 foto i svart/ kvitt. Desse fotografia var altså gamle og viste ikkje landskap frå 70-talet - men frå tidlegare år. 

Fotografia er ikkje å finne på rådhuset. Vi har leita i skuffer og skap, kriker og krokar - men finn ikkje spor av dei. Nokon meiner å ha sett dei tidleg på 90-talet i samband med utgivinga av Sandesoga, men der stoppar alle spor. 

Så dermed kjem altså etterlysinga:

  • 250 fargefoto og 25 svart/ kvitt foto samt negativane -flyfoto omtrent i størrelse 20cm x 30 cm er sakna.

Tips om saka kan du sende til postmottak@sande-mr.kommune.no eller ringe Sande kommune på tlf 70026700.