Postlister og innsyn

Postlister og innsyn

Dokumentarkivet i Sande kommuneSande kommune får i veke 21 nytt arkivsystem og postlister blir i ei periode framover lagt ut noko forseinka.

Frå veke 21  tek Sande kommune i bruk eit nytt arkivsystem. Inntil dette er kome skikkeleg på plass, vil vi ikkje publisere inngåande og utgåande postlister til kommunen. Desse kjem ut når vi ser at alt fungerer som det skal. 

Kva er nytt? 

Det er nye krav til digitalisering og effektivisering som i hovedsak er årsaka til overgang til nytt system. 

Offentleglova pålegg alle offentlege instansar meir offentlegheit. 

Sande kommune vil legge ut dokument i fulltekst i arkivdelen eigedom (bygg og landbruk) 

Det vil sei at eit brev eller søknad - i denne arkivdelen - som du sender inn til Sande kommune, vil bli lagt ut i fulltekst, dersom det ikkje innheld opplysningar som ikkje er offentlege.