Presiseringar om karantene når ein kjem tilbake til Norge

Presiseringar om karantene når ein kjem tilbake til Norge

CDC, Alissa Eckert Mange som arbeider i regionen vår har reist tilbake for å feire jul saman med familiane sine i heimlandet, og når ein då kjem på retur etter nyttår er det viktig at alle veit korleis ein skal gjennomføre innreisekarantene etter forskrifta.

Covid-19-forskrifta vart nettopp endra, og på bakgrunn av blant anna unntak frå krav om opphald ved karantenehotell, kjem det derfor her ei presisering som kan vere nyttig både for bedrifter og bemanningsbyrå som er usikre på regelverket.

Målet er at vi også etter nyttår klarer å hindre at det oppstår ukontrollert importsmitte i regionen vi bur og arbeider i.

1. Krav om innreisekarantene og gjennomføringa av denne framgår av Covid-19-forskrifta § 5. Unntaket frå kravet om opphald i karantenehotell framgår av §5 pkt c.:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-27-470

Plikten til å oppholde seg på karantenehotell gjelder ikke for personer som:

c. kommer til Norge for å utføre arbeid eller oppdrag og som ved innreisen kan fremlegge bekreftelse på at arbeids- eller oppdragsgivere sørger for et egnet oppholdssted der det er mulig å unngå nærkontakt med andre, med enerom med TV og internett, eget bad, og eget kjøkken eller matservering

 

Formålet med krav om "enerom med TV og internett, eget bad, og eget kjøkken eller matservering" som framgår av §5, pkt c, er at ingen som er i innreisekarantene skal ha nærkontakt med andre i løpet av karantenetida. Med nærkontakt meiner ein «mindre enn 2 meter i meir enn 15 minutt, eller fysisk kontakt». Inndeling i kohortar eller grupper som kan ha nærkontakt i karantenperioden er såleis ikkje i samsvar dei krav til gjennomføring av karantenetida som framgår av forskrifta. Hovedformålet med kravet er at ingen skal ha nærkontakt med nokon i karantenetida for å hindre at nokon andre vert smitta dersom personen utviklar Covid-19 i karanteneperioden. Eg bed om at de tilpassar rutinene dykkar til dette kravet.

 

Dette medfører:

* det er ikkje høve for dei som er i innreisekarantene å opptre som kohortar/grupper. Dei kan såleis ikkje opphalde seg saman i grupper der dei har mindre  avstand enn 2 meter mellom kvar person.

* dersom dei er ute saman, går tur e.l. skal det vere 2 meters avstand mellom kvar person, og då helst ikkje fleire enn 2 personar.

* det er forbod mot å besøke einannan på romet.

* dei skal ikkje oppsøke stadar der det er fleire personar somt.d. butikkar, kafear osv.

* de skal sette forbod mot å nytte alkohol i karanteneperioden.

 

2. Testar: Regjeringa innfører nye karantenereglar som skal bidra til at fleire reisande testar seg, og styrke etterlevinga av karantenereglene. Reisande som kjem til Norge frå utlandet kan gå ut av karantene etter tidlegast dag sju dersom dei tester negativt for covid-19 to ganger etter ankomst. Den første testen skal takast innan tre dagar etter ankomst, den andre tidligast sju døgn etter ankomst.

Det er frivilleg å teste seg. Dersom ein ikkje testar seg eller det ikkje er kapasitet til å få testa seg, må ein vere i innreisekarantene i ti døgn.

Den nye ordninga gjeld ikkje for reisande som har vore i Storbritannia i løpet av de siste 14 dagene før ankomst. For dei er det obligatorisk å teste seg, men dei får likevel ikkje forkorta innreisekarantene.

Les meir om dette på regjeringen.no

 

3. Ved symptom på sjukdom: Det er viktig at dei som er i karantene melder frå raskt sjølv ved svært svake symptom på sjukdom, så som lett snue, forkjøling, hoste, feber, lette magesmerter, redusert smakssans osv. Det skal då takast ein test så snart som råd er. Disse testane vert utført ved kommunen sin testtasjon i den kommunen der vedkomande oppheld seg. Den er open alle kvardagar, men med timebestilling på førehand. De bestiller time der ved å ringe dit. Ha då klart namn og ID-nummer til personen det gjeld. De må sjølv syte for transport til og frå teststasjon. Dersom de  nyttar taxi skal det ved bestilling opplysast kva det gjeld slik at nødvendige forholdsreglar kan iverksettast. Personen skal nytte munnbind under transport. Testen er gratis. Personen skal i isolasjon fram til testsvar ligg føre. 

 

4. Ved positiv test: Ved positiv test ved innreise, ved sjukdom eller før avslutting karantene, skal vedkomande settast isolasjon på sitt eige rom. Kommuneoverlegen vert varsla og det vett sett i verk smittesporing. Dersom rutinene etter pkt 1 ovanfor vert følgde i karantenetida, vert smittesporinga enkel og det skal ikkje vere nødvendig å sette andre personar i smittekarantene. Difor er det så viktig at dei reglane vert følgde nøye.

 

5. Ved sjukdom: Dersom det oppstår sjukdom er det viktig med medisinsk oppfølging. Våre rutiner er at ein som har fått Covid-19 skal følgjast opp medisinsk dagleg. Dette ansvaret ligg til den kommunale legetenesta, og det vert etablert ein fast lege som følgjer den einskilde person i isolasjonstida, vanlegvis med ei telefonsamtale, då gjerne ved hjelp av tolk. De må stille med nødvendig tolkehjelp vanlegvis. Kommuneoverlegen vil ved registrert positiv test etablere kontakt med ein lege i kommunen som følgjer opp. Kommuneoverlegen fastsett tidspunkt for avslutting av isolasjonsperioden.

 

6. Ved innreise: Ved innreise med fly er det viktig at smittevernreglane vert følgde nøyaktig. Det same gjeld transport frå flyplass til karantenestad. Det gjeld avstand, munnbind og handhygiene. Ein føreset av de nyttar eigen transport frå flyplass til karantenestad.  Dersom test ved ankomst er positiv vert det sett i verk smittesporing både for flyreisa og transporten til karantenestad.

 

Dersom de har spørsmål så ta gjerne kontakt med kommuneoverlegen i Sande, tlf 70026750