Råd til alle som skal på juleferie

Klikk for stort bileteJul Pixabay Ein lenge etterlengta juleferie står etter kvart for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og vener. Det er viktig å kunne gjennomføre dette på ein trygg smittevernmessig måte. Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt knytt til smittevern.

1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontakter med andre personar som råd er.

2. Pass på godt smittevern når du reiser.

3. Du er velkomen til å ta ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand, tlf 70026750.

4. Dei 2-3 første dagane etter du kom heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.

5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går på fest!

Helsing frå kommuneoverlegane på Sunnmøre