Renseanlegg i Gjerdsvika snart ferdig

Sande kommun Sande kommune har i fleire år arbeidd med nytt renseanlegg for vatn  for Gjerdsvika og Gursken. Dette skal erstatte dagens anlegg på Holtane i Gursken.

Råvasskilda Sædalsvatnet har ei mykje betre kvalitet før reinsing enn Sæssvatnet, samstundes som renseanlegget på Holtane nærmar seg slutten på levetida.

Ein er no i sluttfasen på arbeidet med renseanlegget i Gjerdsvika og dette vert sett i drift  i mars/april 2022. Anlegget har ein kostnad på ca 6 mill og er det prosjektet Sande kommune har investert mest i i løpet av 2021. Det vert etablert eige naudstraum-aggregat tilknytta anlegget.