Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Turveg-arbeid på Kvamsøy Tove C Kvamme Sande kommune skal starte arbeidet med den årlege revisjonen av handlingsdelen til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Ein vedteken plan/ handlingsdel er ein føresetnad for å søkje om offentleg delfinansiering via ordninga med spelemidlar.

Vi inviterer med dette organisasjonar, lag og privatpersonar om å kome med innspel til tiltak/ anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet. Innspel skal sendast til Sande kommune elektronisk  eller gjennom brevpost.

Fristar

Innspel  kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  24. september 2021

Du kan også skrive ditt høyringssvar her-  bruk saksnummer 19/11374 når du svarar.