Ruteendringar - høyring nye rutetider

Ruteendringar - høyring nye rutetider

Det er fatta vedtak om rutekutt i ferje- og hurtigbåttilbodet. Endringsframlegg er lagt ut til høyring.

Vedtak i samferdselsutvalet 

I møte 9.november fatta fylket sitt samferdselsutval vedtak om rutekutt i ferje- og hurtigbåttilbodet. Nye ferjeruter Hareid – Sulesund og evt nedlegging av siste avgang Årvik – Koparnes, gir eit behov for å optimalisere ruteopplegg for gjennomgåande reiser til Vanylven og Nordfjord. Fylket planlegg for at endringsframlegget skal virke frå 01.01.2021. Sande kommune fått tilbakemelding om at endringa i rute 05 og 06 uansett vil måtte skje.

Høyring med kort frist - 18.november 

Sande kommune sender no fylket sitt endringsframlegg ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 18.november. Vi erkjenner at høyringsfristen er svært kort – årsaka til den korte tidsfristen er den vidare politiske behandlinga av saka.

 

Når det gjeld framlegget til endring i rute 01 vert det peikt på at det vil gi eit betre tilbod for dei som kjem frå Hareid-ferja og skal vidare med ferja i rute 01, og at ein også må sjå det i samanheng med at siste avgang i Årvika vert lagt ned. Endringa i rute 06  og buss til vidaregåande skular vil bidra til eit meir straumlinje-opplegg for vekependlarane både frå øyane og «fastlandet», og for dei flyreisande til/frå Vigra. Når det gjeld endringa i rute 05 så ser ein dette i samanheng med tidtabellen til ferjene på E39 – i hovudsak sambandet Vestnes-Molde.

Her finn du framlegga til ruteendringane for ferje, båt og buss i vårt område. (PDF, 2 MB)

Det som ikkje går fram av vedlegga er at det også vert ei ny korrespondanse på Garnes kl 1950 på søndagar som gjer at «våre» elevar får ei betre reise til Fosnavågen og Ørsta/Volda.

 

Høyringssvar og frist

Innspel og merknader kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  18.11.2020

Du kan også skrive ditt høyringssvar her- saksnummer 20/20.

Saka blir handsama i formannskapsmøte 24.11.20. 

 

 

Kontakt

Oddbjørn Indregård
leiar
E-post
Mobil 97 58 88 11