Sande kommune samarbeider om psykologteneste

Klikk for stort bilete 

Ulstein kommune er vertskommune og har tilsett Tomas Brandal Myklebust som kommunepsykolog. Sande, Vanylven og Ulstein kommune har inngått samarbeidavtale om psykologteneste.

Kommunepsykologen sine primæroppgåver:

  • bidra til å styrke det helsefremjande og førebyggande arbeidet i kommunen
  • bidra med tverrfagleg samarbeid
  • delta i kommunen si psykiske helse- og rusteneste, samt styrke det kommunale arbeidet på dette feltet

Kommunepsykolog Tomas B Myklebust vil såleis vere med i ulike faggrupper i Sande kommune og vere ein viktig  medarbeidar på ulike område.