Sande kommune scorar godt på Forbrukerrådet sin test - 3.plass!

Sande kommune scorar godt på Forbrukerrådet sin test - 3.plass!

 

Sande kommune er  på 3.plass  i Forbrukerrådet sin test på informasjon til innbyggjarane.

Forbrukerrådet har testa kor god kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Alle kommunane er testa, på til saman nesten 30 000 opplysninger via telefon, e-post og nettsider.

Sande er på 44.plass på landsoversikta og  har dermed svara godt for seg både på telefon og epost. Kanskje er den nye heimesida også blitt ein betre informasjonkanal.

Her ser du tabellen frå Forbrukerrådet sin test

Du kan lese meir om undersøkinga på Forbrukerrådet sine sider.

 

Hjelp oss å bli betre

Sande kommune oppfordrar elles sine innbyggjarar om å kome med tilbakemeldingar på heimesida dersom det er informasjon / opplysningar ein ikkje finn. Bruk tilbakemeldingsknappen! Du kan legge igjen kontaktinformasjon om du ynskjer.