Sande kommune vil vere berekraftig

Sande kommune vil vere berekraftig

No har Sande kommuneunderteikna avtale om å vere med i  "Berekraftfylket Møre og Romsdal ".

Kva betyr det? 

Berekraftfylket vil arbeide for å nå berekraftmåla til FN.

Berekraftmåla gir ei felles, overordna retning for samfunnsutviklinga for å oppnå sosial, økonomisk og
miljømessig berekraft.

Å nå måla krev felles innsats, lokalt og globalt.

Saman kan vi vere ein sentral aktør for å nå berekraftmåla - vi skal, vi kan, og vi vil ta ansvar - no.


Kommunane vil arbeide for å nå berekraftmåla gjennom å:


• Bidra til kartlegging av status i vår  kommune
• Utvikle samfunns- og arealplanar som viser korleis vi skal nå berekraftmåla
• Mobilisere og støtte innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og akademia som bidreg til berekraftig utvikling
• Måle og evaluere effekten av innsatsen


Offentlege aktørar, organisasjonar og andre som deltek i satsinga forpliktar seg til å støtte
kommunane sitt arbeid.

 

Framdrift: 

Januar og februar: Fylket avklarar med kommunene om korleis ein orgainserer arbeidet.

Mars:Innsamling av data- kartlegging

Våren 2020: Kick-off samling 


Kostnad

Det ligg ingen økonomiske forpliktingar for kommunane i dette. Alle data som skal samlast inn er «gratis» eller tilgjengeleg hjå kommunen sjølv. 

Kostnaden for kommunen vil vere eigeninnsats når det gjeld datainnsamling. Det er vanskeleg å gje eit eksakt estimat for ressursbruken, då dette er avhengig av kva ambisjonar kommunen har for si utvikling,

 

-"Det er fint å få vere med på dette," seier kommunedirektør Trond Arne Aglen. "Veldig nyttig å ha dette perspektivet no når vi går inn i arbeidet med blant anna ny samfunnplan."

Meir informasjon om prosjektet vil kome etterkvart.