Signering av ACT-avtale

Signering av ACT-avtale

Bak frå venstre. Monica Svoren (Kommunalsjef Hareid), Renathe Rossi-Kaldhol (Kommunalsjef Herøy) Svein Berg-Rusten (Kommunalsjef Volda) Arnhild Nordaune (Kommunalsjef Vanylven) Kristin Vik (Kommunalsjef Ørsta). Fremme frå venstre: Bård Dalen (Kommunalsjef Sande) Marit Botnen (Kommunalsjef Ulstein) Ottar Røyset (Seksjonsleder DPS Volda ambulantseksjon)

No er samarbeidet mellom kommunene på Søre Sunnmøre og ACT-teamet formalisert. Pasientar som treng oppfølging som ikkje kommunene kan gi, får no nytte seg av dette tilbodet.

Kommunane i Sjustjerna og DPS Volda Ambulantseksjon har inngått ein skriftlig avtale om ACT (Assertive community treatment) til pasientar som bor i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det har vore ein lengre prosess å få denne avtalen på plass, men no er alle fornøgde med å få formalisert eit samarbeid. Tilbodet skal vere eit føreseieleg tilbod med ekstra fagleg kompetanse, til ei gruppe pasientar som ikkje greier å nytte seg av det vanlige tilbodet som spesialisthelsetenesta og kommunane tilbyr.

ACT er ein modell for å gi oppsøkande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlige psykiske lidingar (Helsedirektoratet). ACT-teamet på Søre har fungert sidan hausten 2017, men har hatt ein munnleg avtale til grunn. No har vi endelig formalisert dette samarbeidet, og Ambulant seksjon DPS Volda og kommunane i Sjustjerna, ser frem til god samhandling kring ei pasientgruppe som treng slik oppfølging.

Kommunane og Helseføretaket er avhengige av å samhandle godt, for å møte framtidas utfordringar på ein berekraftig måte, både fagleg og økonomisk. Samarbeidet kring ACT, er eit godt døme på dette.

Avtalen er signert av kommunalsjefane i de sju kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven. Frå spesialisthelsetenesta signerte seksjonsleiar for ambulante tenester, Ottar Røyset.