Snart jonsok- har du planer om jonsokbål?

Klikk for stort bilete Namsos kommune  Sande kommune vil ha oversikt på jonsokbåla i kommunen.

Det er snart jonsok og mange planlegg litt bålbrenning i samband med jonsokfeiringa. Sida jonsok er på ein kvardag kan det vere at feiringa vert lagt til helga før eller helga etter 23.06. Kommunen ønskjer all innmelding innan 18.06.21.

Det er viktig å merke seg at bålet skal vere reint treverk eller/og hogstavfall. Søppel og anna avfall høyrer ikkje til på eit jonsokbål.

Gode råd og tips om branntryggleik finn ein på nettsida sikkerhverdag.no

Brannsjefen vil ha oversikt på alle jonsokbål i kommunen. 

Ein bed om at de sender følgjande informasjon til postmottak@sande-mr.kommune.no

  • kontaktinformasjon for bålansvarleg og opprydding etter brenning (namn, mobilnr)
  • kvar bålet er tillaga
  • når det er planlagt tenning av bål