Snart påske

Snart påske

Sande kommune Påska er vanlegvis tid for ferie, fritid, besøk, avslapping, turar og trim i skog og mark  - og på sjøen. 

I år blir det ei dugnadspåske!

Uansett kva planar du har må du følgje dei nasjonale råda og innrette planane dine etter desse. 

No må alle - også i påska - vere med på dugnaden og ikkje ta heilt fri. 

Nokre retningsliner er klare:

  • Regjeringa har forlenga dei nasjonale smitteverntiltaka til i første omgang 13. april. Styresmaktene ber befolkninga om å unngå alle reiser som ikkje er nødvendige, både innanlands og utanlands. Det gjeld også det å reise heim til påske og andre typar feriar.  
  • Unngå offentleg transport og andre stadar der du lett kjem nær andre viss du kan. Dei som kjem frå reiser i utlandet skal i karantene. Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling har forbod mot å reise til utlandet.  
  • Fritidsbustadar kan ikkje brukast til overnatting av nokon frå andre kommunar

       § 5.Forbud mot opphold på fritidseiendom i annen kommune enn hjemstedskommunen

       Personer som har fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert, forbys å ta opphold  på denne. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader               tillates.

 

Kva med besøk?

Dei i familien som er friske og bur saman, kan vere i lag som vanleg. Det gjeld også barn i skilde familiar. Besøk og samvær med andre utanfor familien bør avgrensast.  

Viss du er i ei risikogruppe, er råda ekstra viktige for deg. Har du tenkt å besøke slektningar over 65 år?  Då må du tenke på at dei er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke viss dei vert smitta av koronaviruset. Barn og vaksne med kroniske sjukdomar er også i risikogruppa. Dei må skjermast frå smitte.  

 

 

Kva kan ein finne på i påska? 

Kanskje du vil utforske ein sti eller turveg du ikkje har gått på før?    

Dei offentlege leikeplassane og idrettsanlegga i Sande er opne, men hugs: god og hyppig handvask, ver heime ved sjukdom, hald to meters avstand og ver ikkje fleire enn fem personar i lag.  

Ta gjerne ein ekstra telefon til nokon som vil bli glad for å høyre stemma di. Tilby deg å hjelpe med praktiske ting. 

Mange aktørar, både lokale og nasjonale, byr på oppleving og fellesskap på internett. Sjå etter – og tips gjerne andre om det du finn.

 

Treng du nokon å snakke med ?

Her er kontaktinformasjon til ulike hjelpetelefonar - bruk gjerne desse. 

 

Eller ta kontakt med Sande kommune på telefon 70026750 så kan vi kanskje hjelpe deg!

 

Førebygg smitte 

Det er viktig at alle hugsar å  

  • vaske hendene ofte og nøye  

  • halde to meters avstand til andre  

  • vere i lag med så få personar som mogleg (Generelt: ikkje fleire enn fem i lag. Barn og unge: maks i lag med to vener gjennom perioden der skulane/ barnehagane er stengde.)  

  • unngå å hoste ut i lufta  

  • halde seg heime viss ein er sjuk  

  • respektere reglane som gjeld i karantene og isolat  

Viss du har teikn på luftvegsinfeksjon (nysing, hoste, tung pust og/eller feber): Ikkje ver saman med eldre eller personar med nedsett immunforsvar. Kontakt lege dersom du har behov for det.

 

 

Opningstider ved legesenter og offentlege tenester: 

Rådhuset har framleis stengt, men sentralbordet har ordinær opningstid  kl 9.30 -14 på kvardagane, bortsett frå onsdag i påskeveka (ope mellom 10-12).

Biblioteket er stengt.

NAV sitt publikumsmottak er stengt 

Sande legesenter . tlt 70026750 -  sine opningstider i påska er slik: 

  • måndag 6. april kl 8-15
  • tysdag 7. april kl 8- 15
  • onsdag 8.april kl 8-12

På kvelds- og nattestid og på høgtidsdagane skal du kontakte legevakta på 116 117  dersom du har behov for legehjelp  - eller 113 om det er behov for AKUTT Nødhjelp.

Dersom du er sjuk og trur du kan vere smitta av koronavirus, skal du kontakte legehjelp og møte opp til avtalt plass for prøvetaking. Prøvetaking i Sande føregår også i påskehøgtida ved behov.

 

Kriseleiinga ønskjer alle ei god påskehøgtid !