Søre Sunnmøre lanserar e-Torg

Søre Sunnmøre lanserar e-Torg

e-TorgKommunane på Søre Sunnmøre lanserer onsdag 16. september e-Torg - nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.

Dette er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglerpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir.

Dette sjølvbetjente tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering. Du får bestilt produkt fra alle sju kommunane i same portal.

 

Kommunane har også på gang MinEigedom og E-byggsøk med fleire sjølvbetjente løysingar.

Lenke til tenesta: sunnmorskart.e-torg.no

Her kan du sjå ein kort video om e-Torg:

 

 

Lenke til informasjon om e-nabovarsel.