Strålande Super-fredag

Strålande Super-fredag

Fredag 24.mai var årets aktivitetsdag - SUPERFREDAG - på Øya, Sandetun omsorgssenter.

Det var gå/rullator/rullestol løp, som enda opp i hagen på Sandetun. I mål venta gullmedaljer og solbriller som premie sponsa av Sparebanken Møre på Larsnes.

Det vart ein skikkeleg triveleg dag med leik og aktivitetar i fint ver, der alle såg ut til å kose seg! 

Det er 2.året Øya aktivitetssenter arrangerer ein slik kjekk dag- dette vert nok tradisjon!

Også Hauemarkja barnehage var ilag med oss på dette arrangementet. Kjekt at unge og gamle kan vere med på same leiken.

I tillegg serverte Larsnes helselag pølser m/brød og  vafler.

Tusen hjarteleg takk til Larsnes helselag og til alle alle andre frivillige som kom å hjalp oss denne dagen. Vi set utruleg stor pris på det!

Gled oss til neste Superfredag!