Utvalsmøte med brukarar i fokus

Utvalsmøte med brukarar i fokus

Barnehage Sande kommune Skal heile Hallebygda få kommunalvassforsyning? Passar opningstidene i barnehage og  SFO brukarane?  

Dette var to viktige saker i utvala denne veka.

Vassforsyning til Hallebygda sett på sakskartet

 Sande kommune har kommunal vassforsyning til alle bygdene i Sande og til Åram/Hakallestranda. Ein har svært god dekningsgrad med kommunalt vassleidningsnett. Det er imidlertid nokre områder som er utan kommunal vassforsyning og dette er ytre Hallebygda, Sandvika i Gursken og indre Skredestranda. Haugsholmen har framleis ikkje kommunal vassforsyning og det er her gjort vedtak om utbygging. Når det gjeld Hallebygda så har den indre delen vore forsynt av midlertidige sjøleidningar som er delvis ute av drift grunna av at desse ligg utsatt til.

 

 

Næring, teknisk - og miljøutvalet  gjekk inn for kommunedirektøren si tilråding om å gjennomføre utbygging av fullverdig vassforsyning til Hallebygda og saka går vidare for endeleg vedtak i kommunestyret.

Les heile saka her. 

Brukaren i fokus

Dei siste endringane i vedtektene for barnehagane gjer at barnehagane er stengt mellom jul og nyttår. 

Helse- og oppvekstutvalet er opptekne av brukaren si oppleving av opningstider både i barnehage og SFO, og vedtok å sette i gong ei undersøking  rundt dette no i februar. Denne skal også omfatte opningstider for sommar - SFO. 

Les heile saka her