Vi treng deg i helse- og omsorgstenestene

Vi treng deg i helse- og omsorgstenestene

 Har du helsefagleg utdanning og/eller erfaring, men jobbar med anna i dag? Då ønsker vi å høyre frå deg.

I første omgang er det oversikta vi treng. Derfor ber vi om at du tek kontakt.

Skulle vi kome i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg.

Vi er ute etter alle med helsefagleg erfaring. Dersom du er i tvil, registrer deg, så gjer vi dei naudsynte vurderingane.

Vi vil ha opplysningar om utdanning og arbeidserfaring.

Du kan registrere deg her eller ringe 70026700

Og sjå her: 

Her kan du heilt gratis få eit e-læringskurs i smittevern som Helse Midt Norge tilbyd alle som er interessert (PDF, 181 kB)