Viktig info om Korona-viruset

Viktig info om Korona-viruset

CDC, Alissa Eckert Det er naturleg nok litt uro rundt det ein no høyrer om det såkalla Korona-viruset. Det er ikkje registrert noko tilfelle i vår kommune eller i nabokommunar- eller Møre og Romsdal  fylke.

Pandemiplan- smittevernplan

Sande kommune har ein oppdatert pandemiplan som blir sett iverk dersom det vert behov for dette. Beredskapen i kommunen er oppdatert på utvikling i fylket  og i Norge.   

God handhygiene er det viktige rådet som gjeld alle. 

 

Helsepersonell

I tillegg har Folkehelseinstituttet kome med følgjande pålegg til helsepersonell og andre som har nærkontakt med pasientar

Helsepersonell som har vore i eit område med utbreidd smitte av covid-19 ( Korona-viruset)  skal som hovedregel vere heime frå jobb i 14 dager etter heimkomst, og elles følge råda som blir gitt.

Mistanke

Om personar har vore i dei område som har hatt utbrot av dette viruset dei siste to vekene skal  desse ta kontakt med sin arbeidsgivar for å informere om dette. Skulle du ha mistanke om at du er smitta skal du ringe legekontoret på 70026750 på dagtid eller legevakta 116 117 .Her gjer du avtale med helsepersonell om og korleis ei evt prøve skal takast. Du skal som det er sagt  i media IKKJE møte opp på legekontor for å få meir informasjon eller be om prøvetaking. 

Når det gjeld dei andre familiemedlemmane  viser vi til råd ved karantene frå folkehelseintituttet. 

Her kan du lese meir om Koronaviruset 

Her kan du laste ned

Plakat til reisande på norsk, engelsk og kinesisk

Informasjonsark retta mot dei som i jobben kjem i kontakt med turistar og folk som kjem til landet

Generell smittevernplakat om vanar som førebygg smitte, som kan nyttast i skular, barnehagar med meir.