Visste du dette om helsenorge.no?

Visste du dette om helsenorge.no?

Bruk av nettbrett Gemini.no  På helsenorge.no kan du ta kontakt med heimetenestene i di kommune direkte.

helsenorge.no finst det i dag mange tenester for innbyggarane ( kjernejournal, byte av fastlege, vaksiner, Covid-19 svar m.m). 

I tillegg kan du som har teke i bruk helsenorge.no og fått innvilga ei heimeteneste, sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune. Du kan sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på søre er Gerica.

Dersom du ynskjer at nokon av dine nære skal hjelpe deg med denne kontakten, kan du gi dei fullmakt til dette. Dette gjer du også på helsenorge.no.

Om du ynskjer å ta i bruk denne kommunikasjonskanalen – gå inn på helsenorge.no og les meir om korleis dette fungerer. Det opp til deg som brukar eller pårørande til brukar av heimetenestene å ta dette i bruk , framfor å bruke telefon, e-post og SMS.

 

Korleis ta digital innbyggardialog i bruk inkl film 

Finn ut meir om innbyggardialog her.

Korleis få fullmakt på vegner av andre

Les meir om fullmakter her